top of page

ANNE KNUTSDATTER WILLE

TRE

Anne Knutsdatter Wille (f.1958) viser malerier der ho har tatt utgangspunkt i trer.

Trer vokser over heile jorda der det bur mennesker. Dei er opphav til eventyr og myter. Dei er viktige handelsvarer, byggevarer og brensel. Dei gir ly mot naturkreftene for fuglar, dyr,
plantar og menneske. Sopp og plantar lever i symbiose med trer. Trea produserer oksygen
og spiselige vekster. Dei kan vere vakre og majestetiske. Dei er levande organismer med ei eiga form for bevissthet.

Anne observerer trea gjennom årstidene, i allslags vær og lysforhold.
Utgangspunktet for den kunstneriske prosessen er hennar observasjon av desse trea. Då maleprosessen var i gong, utvikla den sin eigen logikk, gjerne på tvers av utgangspunktet,
noko kunstneriske prosesser ofte gjer.

Anne har arbeida med utsnitt og detaljar, forminska og forstørra og undersøkt korleis maleriske verkemidler kan bli brukt for å behandle unike verdiar.

Ho bruker akryl-, olje- og spraymaling, pigmenter, olje- og tørrpasteller og gråblyant. Alle maleria er malt på trefiberplater og er påmontert tre-lister som stabilisatorar.

tre IV.JPG
bottom of page