08_edited_edited_edited.jpg

FLABELLINA

Prosjekt Flytande Badstove er eit omfattande kunst­prosjekt i regi av Osterøy Kunstlag

Kunstnarar:
Wenche Kvalstad Eckhoff og Else Karin Tysse Bysheim

Laget ynskte å tilføra lokalmiljøet kunst i form av ein installasjon som alle kunne bruka. Kunstnarane Wenche Kvalstad Eckhoff og Else Karin Tysse Bysheim inngjekk i 2019 eit samarbeid og lanserte idéen om ei kunst-badstove på ein flytande flyttbar flåte. Kunstnarane står ansvarleg for idé, design og utforming av arkitektur samt den kunstnariske utsmykkinga på både eksteriør og interiør. Målet var mellom anna å skapa ein installasjon, ein hybrid mellom kunst, arkitektur og ein bruksskulptur. Ein møteplass til bruk heile året.

Etter utstillingsopninga i mai 2021 har Den Grøne Fabrikken overtatt drifta av badstova. Her kan du booke den for deg sjølv eller drop-in. 

@flytandebadstove

Forsidefoto: Øystein Klakegg