top of page
IMG_1716.jpg
Utandørs fotoutstilling om stein i Mjøsdalen ved Lars Mjøs

Lars Mjøs liker å fotografere, ikkje minst i Mjøsdalen. Han bidrog med bilete både til boka om arbeidsliv
kring Mjøsvågen og boka om Hosanger dampbåtbryggja. I utstillinga som skjer i eigen regi, handlar alle bileta
om stein. Lars Mjøs, som bur her i Mjøsdalen, har sjølv arbeidd myje med stein og vert kalt steinglad.


Han har sjølv stått for fotografering, utskriving, innramming og utforming av utstillinga og har fått
hjelp til lakkering av rammene. Utstillinga er ein hyllest til alt steinarbeid Mjøsdølar har gjort gjennom generasjonar. Dei har både utnytta ein kortreist, lokal ressurs og dei har lagt ned mykje arbeid med å bli kvitt stein. Når dei har rydda for å få meir dyrkingsareal, har dei til og med murt opp rydningsrøysane for å vinna inn mest mogeleg areal.

 

Mjøsdølane sitt arbeid med stein er ein lekk i ein lang tradisjon; rommet inni eine potekjellaren er på det
næraste identisk med eit 5000 år gamalt rom i ein stor «religiøs» haug i Irland.

 

Kontaktinformasjon:
Lars Mjøs: mobil 41628531, lars@mjos.no


Lars Mjøs er redaktør for sida mjøsvågen.no og står sjølv for sidene larsparkinson.no (korleis leve best
mogeleg med parkinsons sjukdom) og ikogruppen.no (historia til Industrikonsulent A/S)

Mjøsvågen, Osterøy

  • Google Places
  • Facebook

©2022 av Osterøy Kunstlag. Produsert med Wix.com

bottom of page