Utstillingar 2026
Osterøy Kunstlag ynskjer hjarteleg velkomen til kunstopplevingar i Den Grøne Fabrikken gjennom sumaren 2026. Me held ope kvar mandag kl.13-19, tirsdag - torsdag kl.13-16 og sundag kl.13-16 i perioden 27.juni - 16.august.
27.juni - 26.juli 2026
Brynhild Winther - "Kunsten å gå seg vill (med og utan gravemaskin)" - Teikning.
Brynhild Grødeland Winther har asperger og tenkjer i bilete. Teikning er hennar
hovudspråk og ho jobbar aldri med ei enkeltståande ting, men trekk strekar mellom ulike
tema. I verda og i hjernen eksisterer alt på same tid, så kvifor skal kunsten opptre
reduksjonistisk eller snakke om berre ein ting om gongen?
Kunstproduksjonen tek ofte utgangspunkt i enkeltståane ord, men det fins ikkje ein ferdig
tekst, for setningar oppstår undervegs i teikneprosessen. Denne utstillinga vil innehalde
teikningar knytt til det å kjenne seg heime, familie/mor, verdiar som motsats til pengar,
redsla for å miste det ein lever for, valkyrier, forbrukarar, eventyr, sterke kvinner i historia,
redsla for å vere svak og sårbar, kultur som synonymt med natur samt det Mark Dion ofte
har snakka om; at tidlegare måtte mennesket ha vern mot naturen, men no er det naturen
som treng vern mot oss.
Utstillinga vil innehalde hovudsakleg nye verk, men òg eit utval verk som er vist før.
--------------------------------------------------------------------------------------------------
2.august - 15.september - "REFLEKSJONER" - Erling Valtyrson, grafikk og Hennie Andersen, Maleri



Begge kunstnarane har stilt ut på Osterøy fleire gangar. No vender dei attende med både nye og eldre verk i ei utstilling som syner breidda og kvaliteten i kunstnarskapa deira.
Tittelen REFLEKSJONER peikar mot det som møter oss i kunsten deira – refleksjonar over natur, landskap, lys og menneskelege erfaringar. Gjennom ulike teknikkar og uttrykk inviterer kunstnarane publikum til å stoppa opp, sjå nærare og oppleva nye samanhengar.
Erling Valtyrson (f. 1955) frå Ålesund er ein av Noregs mest anerkjende grafikarar. Han er særleg kjend for sine meisterlege mezzotintar og har stilt ut nasjonalt og internasjonalt gjennom fleire tiår. Arbeida hans er innkjøpte av mellom anna Nasjonalmuseet og Dronning Sonjas kunstsamling, og han er rekna som ein av dei fremste grafikarane i Norden.
Hennie Andersen (f. 1953) kjem opphavleg frå Hadsel i Vesterålen og er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen (1981–1986). Ho har hatt ei lang rekkje separatutstillingar, mellom anna ved Galleri Siverts i Bergen, Galleri Osterøy, Agatunet i Hardanger, Galleri Ryvarden og Ål Kulturhus. I 2007–2008 deltok ho i ei omfattande vandreutstilling i Canada med visningar i Montreal, Ottawa, Toronto, Calgary og Vancouver. Ho var festspillutstillar under Dei nynorske festspela i 2009 og har i tillegg delteke på ei rekkje kollektivutstillingar i Noreg.
Saman presenterer dei ei utstilling der ulike uttrykk møtest og utfyller kvarandre.