MAIA BIRKELAND

Arbeid

I årets sommarutstilling skal Maia Birkeland vise ein stadsspesifikk installasjon med referansar til kunstnarliv, førmoderne bondekultur og vestlandsk vegetasjon, i ei utstilling spesielt framstilt for Osterøy kunstlag og utstillingsrommet i Den Grøne Fabrikken.


Gjennom eit år har ho sanka, samla og tørka ei mengde organisk materiale. Dette materialet vil, saman med smelta og blåst glass, og element frå kvardagslivet, spele hovudrolla i totalinstallasjonen som har fått tittelen "Arbeid".

Maia Birkeland (f. 1978, Førde) er utdanna ved Kunsthøgskulen i Oslo og Glasgow School of Art, med mastergrad i Medium- og materialbasert kunst frå 2015. Ho har delteke på ei rekke gruppe- og kollektivutstillingar, og hatt separatutstillingar ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Trafo Kunsthall, og ho var festivalkunstnar for Førdefestivalen 2017. Saman med Monika Mørck har Birkeland hatt duoutstillingar ved Osterøy Museum, Hordaland Kunstsenter og Galleri Format. 

maia.jpg