PATRIK BERG
Work on paper
Patrik viser fargetresnitt på papir. Artifisiell intelligens, klima dystopi, livet på jorda, natur, landskap, der me er i tida + fremtida. Desse tinga blir formidla gjennom bruken av plantar og dyr i forskjellige komposisjonar.
Patrik Berg (f.1982, Härnosand, Sverige) er opptatt av komposisjon og grafikkens estetiske potensiale.
I arbeidet med tresnitt undersøker han formale problemstillingar som gjerne ikkje fungerer som blyant teikningar eller i maleri. Sjølv om han arbeider i ein figurativ tradisjon er han nok meir opptatt av bilete sin abstrakte kvalitet.
Patrik arbeider med teikning frå hovudet direkte i treplata utan skisser. Han er sparsom med bruken av fotografiske referanser i sitt arbeid. Han trykker alt sjølv i små opplag.