top of page

Utstillingar 2024

Osterøy Kunstlag ynskjer hjarteleg velkommen til fyrste utstillingsopning på

Den Grøne Fabrikken, laurdag 15. juni kl.13.00.

Program gjennom sumaren:

15.juni - 14.juli                 Simen Langeland @simenlangeland.kunst

                                          Utstillingsopning 15.juni kl.13.00.

 

29.juni - 11.august          "Respectare" Grethe Unstad, Anne Knudsdatter Wille, Brit Bøhme
                                          Utstillingsopning 29.juni kl.12.00.

 

29. juni                              Kunstfestivalen "Håsong"  ein Kunst-, musikk-, mat-festival.
                                          For program og billettar - sjå eiga nettside (www.håsong.no) og instagram
                                          @hasong_24 

 

21. juli - 11. august           Heidi Drejer @heidi_drejer

OM KUNSTNARANE OG UTSTILLINGANE

simen.jpg

Simen Langeland - maleri
Utstillinga er tilgjengeleg 15.juni - 14.juli 2024

 

Simen Langeland er ein kunstnar som utforskar nære og mytologiske tema gjennom maleri som medium. Nokon bilete peikar mot bergensk folkeliv og byens ulike institusjonar. Innhaldet er i nokon grad sjølvbiografisk, der han prøver å fange tidsanda som pregar kunstnarens generasjon i Bergen. Motiva er ikkje naturalistiske, men har eit subjektivt preg der, kunstnaren legg inn referansar frå mytologi, religion og kultur. Bileta kan skildrast som gjenkjennelege, men med eit magisk, utforskande og subjektivt blikk på Bergen by. Andre delar av maleriproduksjonen er meir retta mot dikting rundt mytologi og religiøse tema. Desse fungerer som tankekart der referansane til kunstnaren får fritt spelerom på lerretet.Maleria er primært akvarellar med innslag av blekkteikning, der det oppstår ein dynamikk mellom stilisert teikning og utflytande vatnmaling. Dette er med å skape spenning mellom ulike og kontrastfylte teknikkar i Langelands maleri.Kunstnaren har tidlegare hatt utstillingar i Bergen og Oslo. I tillegg har han laga diverse veggmalerier i dei same byane. Veggkunsten har ein metode som nærmar seg akvarell i uttrykket.

 

Me gler oss stort, og ynskjer alle hjarteleg velkommen. Kunstnaren vil sjølv vere til stades på opninga. Det blir også musikalsk innslag.

 

Velkommen!

respectare_christinegaard-1.jpeg

Anne Knutsdatter Wille, Grethe Unstad og Brit Bøhme - Respectare

Utstillinga er tilgjengeleg frå 29.juni - 11.august

 

Opninga av Respectare er ein del av kunstfestivalen Håsong 2024 - ein heil dag stappfull av kunst- og kulturopplevingar i Hosanger. Det er difor mogeleg å ta den vakre veteranbåten DS Oster fra Bergen til utstillingsopninga denne dagen! Avgang kl 9.30 fra Dreggekaien ved Bryggen, retur til Arna/Bergen med rutebuss eller festivalbuss. Sjå fullstendig festivalprogram og kjøp billett til Oster på www.håsong.no.

Respectare er eit samarbeidsprosjekt der kunstnarane tek utgangspunkt i det nære og i korleis dagleglivets omgjevnader verkar inn på visuelle valg og uttrykk. Ved å fokusere på detaljar ynskjer dei å få det trivielle til å bli det spesielle. I sum kan dette seiast å handla om respekt, det å være til stades i eige liv og eigne omgjevnader.
 

Ordet “respekt” kjem frå “spectare”, som betyr “å sjå”, eller “å skode framfor seg”. Sett saman med «re-», som er å repetera, å gjera om att, gjev det “respectare”. Det norske verbet “respektere”, direkte oversatt, betyr altså “å sjå om att” eller “å sjå ein gong til”.

Samarbeidet deira kan kallast kontrapunktisk, ved at dei er ulike stemmer i samspel med kvarandre. Begrepet kontrapunkt blir brukt innan musikken om tema og motiv som er sett opp mot kvarandre, samstundes, slik at det oppstår parallellar


Alle tre er biletkunstnarar med base i Bergen.

bottom of page